Publisert 27. mai 2021

Betydningen av leik og sansestimulering

Publisert 27. mai 2021

Avgjerande for barns utvikling

I eit samfunn der kvardagen vert meir styrt av kalenderen, organiserte fritidsaktivitetar og logistikk, har gjerne fri leik blitt ei mangelvare for ein del barn. «Rekk eg å leika i dag?», er ord du kanskje har høyrt frå ein barnemunn? Somme vaksne ser dessutan på leik berre som eit reint tidsfordriv, noko uviktig eller barnsleg.

Nyare forsking har derimot fått eit stadig aukande fokus på kor avgjerande leik er for den generelle og typiske utviklinga til barn.  Leik er barna sin mest naturlege måte å kommunisera og uttrykkje seg på. Særleg etter vanskelege belastningar og traumer ser ein at leik er ein veg til forandring og læking, både for barn og vaksne.

Hjerneutvikling gjennom leik

Naturen har programmert leik som eit biologisk system i hjernen. Om barn ikkje blir stoppa gjennom frykt og/eller straff, vil dei ta «ansvar» for si eiga hjerneutvikling gjennom leik. Sårbarheita ligg mykje i kor bundne barna er til dei vaksne som omgir dei, og korleis dei vert oppmuntra og stimulert til nysgjerrigheit, engasjement og utvikling gjennom leiken.

Frykt er ein effektiv stoppar for leiken. Om ein er utrygg, redd eller traumatisert, er dette eit dårleg utgangspunkt for leik og utforsking. For å få til den gode leiken, er det viktig at barnet er ope for sanseinntrykk og kan kjenna, smaka og bevega seg, og at det kjenner fridom til å tenkja, vera kreativ og fantasera. Om eit barn opplever leik som ein prestasjonskrevjande aktivitet, blir det vanskelegare å vere kreativ og «fri».

Traumatiserte barn og leik

Motsatsen til leik er ofte psykisk samanbrot og/eller depresjon. For traumatiserte barn kan det å få moglegheit til å leika vera med og bidra til å organisere komplekse hendingar og inntrykk, ved å hjelpa dei til å skapa ei historie, ei meining og samanheng. Leiken blir då eit viktig verktøy for å øva på å handtere vanskelege kjensler som redsle, uro, aggresjon og angst på ein trygg måte. Han blir ein veg til å prøva nye måtar til å kontrollera og meistra traumatiske situasjonar. Tid for leik er det viktigaste for eit barn som har hatt det vanskeleg, til dømes at det er utsett for vald, traumer eller krig. Barns evne til å halda fokus og gjera seg nytte av leik, er ofte sterkt redusert om dei har hatt det vanskeleg. Det krevst tid, tolmod og tryggleik for at dei skal kunne etablera eller reetablera denne evna.

Leik er den viktigaste arenaen for å «henta seg inn» og å  syna kva ein er oppteken av, korleis ein har det, eller kva ein ønskjer å forstå. Om eit barn ikkje er nysgjerrig, trass i at det til dømes har tilgang til gode og interessante leiker, må ein sjå på kven som er ilag med barnet når leiken skal «stimulerast». Barnet kjenne seg så trygg som mogleg, til dømes ved å ha ein viktig relasjon med seg inn i rommet, og eventuelt få hjelp av denne til å komma i gang med leiken.

Tryggleik som platform

Det er stor forskjell på å bli fortald at du er trygg versus å erfara at du er trygg. Det er heilt ulike nettverk i hjernen som er i aksjon. Når du kjenner deg trygg, dempar stressresponssystemet i hjernen seg. Når du blir fortalt at du er trygg, gir kroppen ein «beskjed» om dette til cortex, den delen av hjernen me nyttar til behandla informasjon, ta avgjersler og planlegga, men denne «beskjeden» har ikkje nødvendigvis den same effekten som ei oppleving av å vera trygg. Bruk av sansemotorisk stimulering kan då bidra til auka tryggleik. Tre sansar som er nyttige i slik stimulans er muskel- og leddsansen (det sit sansereseptorar i alle musklar og kvart einaste ledd i kroppen), balansesansen og berøringssansen.

Openheit og nysgjerrigheit er føresetnader for god leik. Tryggleik er plattforma og utgangspunktet. Om ein er trygg, blir ein nysgjerrig og ønskjer å utforska. Kven er rundt oss? Kven kan vi engasjere i leiken? Kva kan eg oppdaga?. Det som er kjekt og gir oss positive opplevingar ønskjer me å repetera. Slik kan leiken utvikla seg til ein sjølvforsterkande sirkel, som fører til gjenkjenning og meistring. Repetisjon stabiliserer innlæring, både fysisk og psykisk. Ein ser også at dette er viktig nevralt, altså for hjernen. Ein blir meir stabil og kjapp, det bidrar til vekst av sjølvkjensla –- og slik held ein den sjølvforsterkande sirkelen i gang.

Leik og læring

Når «leikesystemet» er aktivt, stimulerer ein til utforsking av relasjonar, samspel, sosiale reglar, tankar, kjensler, åtferd og sanseopplevingar.  Ein lærer seg òg sosiale kodar gjennom leik: Korleis samspela, kor går grensene, korleis løysa konfliktar, korleis seia ifrå og korleis forhandla. Dette er alle viktige sosiale aspekt i oppveksten som me utviklar gjennom leik.

Deling av positive emosjonar betyr mykje for god og konstruktiv leik, og bidrar til utviklinga av hjernen. Å oppleva positive kjensler, til dømes glede, nysgjerrigheit eller konsentrasjon, skapar i seg sjølv moglegheiter for endring av hjernen sitt nevrale reaksjonsmønster. Dei positive kjenslene stimulerer nemleg nivåa av hormona dopamin, oxytocin og prolactin. Gjennom ulike verkemåtar bidrar desse hormona til kjensle av velvære, og aukar i tillegg moglegheita for etablering av nye synapsar og nettverk i hjernen. Eit ytterlegare potensiale ligg i det å dele slike positive kjensler og erfaringar med andre. Slike delte augneblinkar med positive kjensler er kraftfulle markørar for sosial tilhøyrsle og oppleving av eigenverd, som òg kan bidra til integrasjon av nervesystemet. Repeterande augneblinkar med positive kjensler, og særleg når desse vert delte med andre menneske, er ganske enkelt positive for utviklinga av god psykisk helse.

Å leika i lag er ein måte å kommunisera sensitive tema på som gir sterke strategiar for sjølvregulering og reguleringsstøtte – altså at barn får den støtta dei treng til å regulera kjensler og åtferd når dei er saman med andre. Leiken aukar evna til «mentalisering», evna til å byta perspektiv og setta seg inn i andre sin situasjon. Leik kan også bidra til å styrka foreldreferdigheiter, gi auka kjensle av fellesskap og tilhøyrsle – noko som er eit grunnleggande behov for oss menneske.

Ein mental tilstand

Det er viktig å sjå på leik som ein mental tilstand, heller enn «berre» leik. Det fine med det er at leiken ikkje blir aldersbunden. Alle kan leika! Med mental tilstand meiner me at ein kan vera åleine i leiken, at ein kan leika med eller utan ord, og at ein kan vere i lag med andre – der leiken utgjer ein kommunikasjonsveg. Når vaksne går inn i denne mentale tilstanden, gir det rom for å «hente seg inn».e vaksne leikar og fantaserer faktisk langt meir enn me er medvitne om. Men utviklingshistoria til den enkelte er forskjellig, og påverkar kva aktivitetar som gir oss den mentale tilstanden av leik.

Vegen til endring

Leik er altså ikkje noko tull eller unyttig tidtrøyte, det er ramt alvor. Leik er motsatsen til depresjon. Alle som er opptatt av å bidra til endring hos barn og vaksne som har levd vanskelege liv, bør ta innover seg denne kunnskapen. Ei leiken innstilling, «playfulness», er vegen til endring. Me må derfor oppgradera verdien av leik. Han er gøy, han treng plass, og han kjem lett når ein har det bra! Me må rett og slett leika meir – på tvers av alder og kjønn!

 

 

Kjelder: Webinar frå RVTS Sør http://www.barnehoydekonferansen.no . Foredrag av Anna Norlén frå Ericastiftelsen og psykologspesialist, Kaia Næss Johannesen.

Heine Steinkonf «Lek – veien til endring»

 

Foto: Marit Areklett

Følg cruxhjem på instagram